Gjødslingsplanen – eit viktig planleggingsverktøy
Ein god gjødslingsplan må ta omsyn til praktiske forhold ved gjødslinga, økonomi, lokale tilhøve og andre faktorar.
Vi legg planar for 2024. Sentralt i planlegginga er gjødslingsplanen. Kanskje er det tatt nye jordprøver, og du sit med spørsmål som kva og kor mykje du skal gjødsle med, om det er kalkbehov eller noko anna som manglar i jorda? Kanskje vil du justere litt i høve til sist sesong? Kanskje har du endringar i drifta eller i areal som gjer at gjødslinga bør endrast? Hjelp til dette og ein nyttig fagprat i planprosessen får du ved å bruke rådgjevar til gjødslingsplanlegging.
Kvifor og korleis?
Gjødslingsplanen skal vere eit godt planleggingsverktøy i drifta, han skal sikre optimal gjødsling i forhold til avlingsnivået og næringsbehovet til jord og plantar.
Planen skal også fungere som dokumentasjon av bruken av gjødsel overfor det offentlege. Utarbeiding av gjødslingsplan vart innført som krav på slutten av 90-talet. Hovudregelen er at alle landbruksføretak som søkjer produksjonstilskot skal ha ein årleg gjødslingsplan. Denne skal vere utarbeidd på grunnlag av jordprøver som er nyare enn åtte år. Planen skal danne grunnlaget for gjødslinga på garden, og dokumentere bruken av husdyrgjødsla. Det er ikkje nødvendigvis behov for fullstendig oppdatering av planen årleg, men brukaren kan sjølv vurdere behovet for endringar og sjølv oppdatere planen. Vesentlege endringar i drifta krev heilt ny plan. Endringar i leigejord er viktig å få med i ny plan.
Historikk og utvikling
Dei første gjødslingsplanane vart laga på papir, med enkle utrekningar og kart. Etter kvart som datateknologien vart betre, tok gjødslingsplanprogram over mykje av jobben. Her blir det tatt omsyn til jordprøver, forgrøde, tal slåttar og andre ting når det blir utrekna forslag til mineralgjødsling. Men det er framleis nødvendig å kvalitetssikre og endre berekningane som programma utfører. Dette for å sikre både optimal og gjennomførbar gjødsling. I løpet av dei siste åra har fleire aktørar kome på bana som gjødslingsplanleggarar. Du som bonde kan velje av fleire måtar å få laga gjødslingsplanen din på.
La rådgjevar lage gjødslingsplanen!
Når vi lagar ein gjødslingsplan i grovfôrproduksjonen er det mange faktorar som spelar inn før vi til slutt kan ta den endelege avgjerda, og presentere den ferdige planen for deg som bonde. Vi må bestemme ulike faktorar som eit dataprogram ikkje kan ta høgde for. Som rådgjevar kan vi ta ein ekstra sjekk i fôranalysen og sjekke råproteininnhaldet opp mot energiinnhaldet. Vi kan og vurdere mineralbalansen i fôret, både tilbake til tidlegare år, og i ettertid ved bruk av den nye gjødslingsplanen din. Vi vil gjerne treffe med gjødslinga som du ynskjer til din produksjon på garden. Har vi treft med med rett nitrogengjødsling? Har vi treft rett nivå for fosfor og kalium? Kalium kan påverke dyrehelse. I ein buskap med mykje sjukdom, som til dømes mjølkefeber, kan årsaka ligge i for mykje kalium i grovfôret. Det kan sjå ganske greitt ut i gjødslingsplanen, men er vi først komne inn i ein sirkel med mykje kalium i fôret, gir det mykje kalium i husdyrgjødsla, som igjen gir mykje kalium i det graset som skal haustast. Har vi ikkje analysar av husdyrgjødsla er det normverdiar vi har å halde oss til, og det kan slå feil ut. Ein ekstra sjekk med rådgjevar, med blikk for det totale bildet, vil også vere ein viktig del av gjødslingsplanlegginga. Sjukdom i fjøsen, trøbbel med å få kalv i dyra, dårleg tilvekst på kalvar, kan rett og slett ha ei årsak i grovfôrkvaliteten. Grunnlaget for godt tilpassa grovfôr legg vi ved gjødslingsplanlegginga, alltid i dialog med deg som bonde!
Må ta omsyn til praktiske forhold ved gjødslinga
Vi kan seie at den fagleg perfekte gjødslingsplanen kanskje ikkje er praktisk gjennomførbar, og heller ikkje særleg økonomisk gunstig. Nyttar vi utrekningar frå dataprogram ukritisk vil du få ein tilnærma fagleg perfekt plan, men ofte med svært variable gjødselmengder og gjødseltypar som kanskje ikkje er tilgjengeleg. Med andre ord ein gjødslingsplan som ikkje er råd å bruke. Ved utarbeiding av ein gjødslingsplan må ein også kunne ta omsyn til praktiske forhold ved gjødslinga, økonomi, lokale tilhøve og andre faktorar. En rådgjevar som lagar mange gjødslingsplanar kvart år har god kunnskap om korleis ein god gjødslingsplan skal vere. Ikkje minst vil ein erfaren rådgjevar ha kunnskapen til å sjå med kritiske auge på dei jødslingsforslaga dei ulike gjødslingsplanprogramma kjem med. Det er også viktig med ein god dialog mellom rådgjevar og deg når planen blir utarbeidd. Teams er eit godt hjelpemiddel under lanprosessen, spesielt når ein går gjennom dei ulike skifta og lagar karta som skal vere med i planen.
Må også bruke skjønn
Gjødslingsplanen blir laga i løpet av vinteren/våren, oftast i god tid før gjødsling. Det gjer at du som bonde må bruke skjønn ved sjølve gjødslinga, avhengig av dei vêrtilhøve som er under og etter spreiing av husdyrgjødsla. Her kan din lokale rådgjevar vere til hjelp om du ynskjer det.